Dyrsku'n 8.-10. september 2023

Klikk her for å kjøpe billetter

Beste stand

Prisen for beste stand går i år til kategorien Bil/verktøy/småmaskin. Premien er eit diplom av kunstnaren Borghild Telnes – Firingan Kaligrafi og ein sjekk på kr 5.000.

14.09.2018

Kriteria som ligg til grunn for valet er

• Funksjon/tilgang
• Korleis varene vert presentera
• Korleis utstillar møter kunden
• Om det er ryddig, innbydande osb.
• Inspirasjon for publikum og andre utstillarar

Det er ein krevjande jobb å lage til ei presentabel utstilling, der publikum får ei fin oversikt over produkt og som kan vere til inspirasjon for kunden.
Vi meiner at vinnaren har fått til ein stand med akkurat passeleg med produkt innan verktøy for trearbeid og treskjæring. Standen har god tilgang, er ryddig og publikum blir møtt med hyggelege tilsette. Vi får og sjå verktøya i bruk, noko som er til inspirasjon for publikum.

Vinnaren av Beste stand på Dyrsku’n 2018 er

Verktøy AS – stand A206 

Vi gratulerer!