Vi ynskjer velkommen til ein yrande folkefest i hjarta av Telemark.
I løpet av 3 dagar kjem det kring 750 utstillarar som alle har unike Dyrsku-tilbod på sine handelsvarer denne helga, og over 90.000 menneske som kjem for å smake på fantastisk mat, oppdatere seg på siste nytt innan landbruk og anlegg, oppleve tivoli, konsertar, delta i aktivitetar og ikkje minst; helse på alle dyra på Dyrskuplassen.
Arrangøren lover eit spennande og innhaldsrikt program for årets store marknad, men held korta tett til brystet fram til programmet er klart i juni. Gled deg!
Med Dyrsku’n sin samarbeidspartner på billett, Ticketmaster, vil du få gode priser ved å kjøpe billett på nett. Og det beste av alt er at du slepp å stå i kø med førehandskjøpte billettar!
Alle som kjøper billett innan 22. mars er automatisk med i trekninga av eit gåvekort frå Ticketmaster med ein verdi på kr. 3000,-
Ta turen; 3 dagar med kunnskapsrike opplevingar venter på deg i Seljord!
TRYKK HER FOR Å KJØPE BILLETTAR TIL ÅRETS DYRSKU