Dyrsku'n 8.-10. september 2023

Klikk her for å kjøpe billetter

Byr på grilla grangris og skogsyslar

På Skogtunet kan du sjå – og smake – korleis den norske skognæringa vil bidra til å redde regnskogen. I tillegg blir det artige aktivitetar for store og små.

22.08.2018

På Skogtunet kan du både få sjå og smake kva grana kan nyttast til.

Ein av dei nye og lovande bruksområda for gran er nemleg dyrefôr, blant anna til gris. Og det er nettopp grangris du kan sikre deg ein smakebit av på Skogtunet.

«Fredag serverer vi grilla grangris, det vil seie gris som er fôra opp på høgverdig, proteinrikt fôr frå norske skogar», seier Vegar Hvamb i Telemark Skogselskap. Han synest dette er eit veldig interessant prosjekt, som viser korleis skogsnæringa kan bidra til at vi blir meir miljøvennlege og mindre avhengige av import av soyabønner frå andre delar av verda, til dømes Sør-Amerika.«Alle er interessert i at vi skal drive på ein mest mogleg miljøvennleg måte, og der kan skogbruket bidra monaleg», seier Hvamb.

Veks godt og trivst

Å gjere om gran til husdyrpellets og laksefôr er ein lang og komplisert prosess, men det kan bli ei stor og viktig næring for skogbruket.

«Håpet er at det skal produserast i stor skala, og det er dette dei jobbar med å få til no», seier Hvamb. På forskingssenteret Foods of Norway ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) forskar dei på korleis gris som får granbasert kost, veks og trivst, og resultata er lovande. «Ikkje berre likar fisk og dyr det nye, trebaserte produktet, men det ser ut til at dei veks fortare og trivst betre enn når dei ét vanleg, konvensjonelt fôr», sa Margareth Øverland, professor og leiar for Foods of Norway til Forskning.no i fjor.

Hvamb fortel at det er Norges Skogeierforbund og AT Skog som sponsar grisane, og han håpar mange tek turen innom for å smake på grangris, ta seg ein kopp bålkaffi og ein prat.

Plankehytter og hogstmaskiner

Det blir rett nok ikkje berre gris og kaffi på tunet. Hvamb fortel om eit spenn av aktivitetar for store og små. «Barnefamiliane er viktige for at også dei får sett kva skogbruket driv med», seier Hvamb.

Han trekkjer fram plankehyttebygging som ein av suksessane frå i fjor som blir tilbydd att i år. «Skogens brannvoktere» er ein annan. «Ungane treng berre å lære seg tre enkle skogbrannreglar, så får dei ein raud caps og eit diplom som viser at dei er «Skogens brannvoktere».

Hvamb legg ikkje skjul på at med å få inn ungane på Skogtunet, får dei også sjansen til å prate med foreldra. Dessutan vart det livlegare der etter at dei begynte å tilby fleire aktivitetar for barn. «Etter at vi fekk inn ungane, vart Skogtunet ein meir levande og dynamisk stand som sydar av liv».

Viktig for miljøet

Skogbruket er ein viktig bidragsytar klima-messig. Ikkje berre bind det store mengder CO2, men det kan også medverke til å gjere landbruket og laksenæringa i Noreg mindre avhengig av import. Dette gler Hvamb seg til å vise fram til både ungar og vaksne på Skogtunet i år.

Gran utgjer hovudmassen av skog i Noreg og førekomsten er enorm i store delar av landet. «No som det knapt eksisterer norske papirfabrikkar lenger, vil vi finne andre måtar å nytte denne ressursen på», seier Hvamb.

Foto: Dyrsku’n/Vegar Hvamb

Aktivitetar på Skogtunet

Fredag

Smaksprøver på grilla grangris

Laurdag

Om vêret held, og det ikkje er skogbrann i nærleiken, får vi kanskje sjå eit skogbrannhelikopter i aksjon. Hald øyrane opne!

Alle dagar

– Servering av bålkaffi
– Plankehyttebygging (for ungar i alle aldrar)
– Prøvesitjing av hogstmaskin (for dei minste)
– Prøvekøyring av hogstmaskinsimulator (for dei litt større)
– Barnevennleg natur- og skog-quiz med premiar frå AT Skog
– Motorsagoppvisning ved Søve vidaregåande skule
– Informasjon om utdanning ved Velg Skog, Universitetet i Sørøst-Norge og Nome vidaregåande skule, avdeling Søve

Bidragsytarar

– AT Skog
– Skogselskapet
– Fylkesmannen i Telemark, Landbruksavdelinga
– Foods of Norway
– Norgesplanter AS
– Skogens Brannvoktere
– Universitetet i Sørøst-Norge, avd. Bø
– Skogbrand Forsikringsselskap
– Velg Skog
– Nome Vgs, avd. Søve

 

Tekst: Aina Kristiansen
Foto: Dyrsku’n/Vegar Hvamb