Dyrsku'n 8.-10. september 2023

Klikk her for å kjøpe billetter

Diplom og prisar Husflidtevlinga

Vinnarane av årets Stimuleringspris, Nyskapingspris og Diplom for godt handverk er klare.

08.09.2022

Juryen har tildelt diplom og prisar til kandidatar nominert av fagdommarar på tevlinga. Fagjuryen har vurdert kandidatane og bestemt sluttresultatet. Juryen har bestått av representantar frå Dyrsku´n AS og Norges Husflidslag: Embla Guntveit, Evelyn Utigard, Reidunn Lien Horgen og Linda Thiis. Juryens avgjersler er endelege.

Stimuleringsprisen: Durspelslåda av Sofi Karlsson

Durspelslådan får årets stimuleringspris i 2022

Durspelslådan består av mange ulike teknikkar innan arbeid med tradisjonelle og manuelle,  skjerande verktøy.  Konstruksjonen til produktet er stødig, med plettfrie samanføyingar, og gode handhøvla overflater. Produktet sin dekor i karveskurd har ein leiken og levande ornamentikk med mønster som er teikna, rissa og skore med kniv. Det estetiske utrykket er i så måte eit friskt pust til ein kultur kor nøyaktigheit og symmetri innan mønster har vore ei norm. Designet er leikent, velkomponert og innehar fleire funksjonar.

Juryen ynskjer å stimulere handverkaren til vidare arbeid på feltet, som også kan inspirere andre til å kombinere leikne uttrykk med grundige og haldbare teknikkar innan trearbeid.

 

Nyskapingsprisen: Smidde handtak av Benjamin Kjellman-Chapin 

Smidde handtak til dobbeltdørar får Nyskapingsprisen 2022

Handtaka syner handlag og smi-kompetanse på svært høgt nivå. Handtaka har plettfrie samanføyingar og handtaksparet har nærast identisk symmetri til kvarandre. Ein kan sjå referansar til historisk smedkunst samt eigenarta designval som nærast gjer arbeidet til ein sjølvsagt del av korleis handtak til moderne og massive dører bør vere. Arbeidet kjennast solid, haldbart og har ein tidsrelevant utsjånad langt fram i tid. Arbeidet er med på å vise kor relevant, haldbart og spennande smiekunsten er.

 

Smidde handtak Benjamin Kjelman Chapin får Nyskapingsprisen 2022

Norges husflidslag – Diplom for godt handverk

  1. Veske av Ronja Revilla

Diplom for godt handverk: Veske (soft-case dokumentkoffert).

Veska har eit særs kvalitetsrikt og velfungerande heilskapsinntrykk. Handverkaren leverer eit høgt nivå på salmakarsaumen og utføring i alle detaljar. Proporsjonar i lokkets lengde, samt i detaljar av lakseskinn i høve til veska si høgde og breidde harmonerer. Fargevala på utsida, som er blå som havet med fiskeskinnsdetaljar kontrasterer vakkert til den varme, brune og innbydande innsida. Juryen er imponert over handlag, materialval og design i dette arbeidet og vil derfor gje diplom for godt handverk for makalaust handverk.

 

Diplom for godt handverk 2022, veske av Ronja Revilla

  1. Flettestrømper av William M. A. Riedlinger

Diplom for godt handverk: Handspunne og handstrikka flettestrømper etter tradisjon frå mannsstrømper frå Aust-Telemark.

Strømpene er eit svært godt gjennomført arbeid. Heile prosessen frå sau til ferdig produkt er gjennomgåande grundig og vel utført, mindre enn 3 km avstand frå der ulla vart klipt til der den vart spunne og strikka til strømper. Handverkaren handsamar spinning på meisterleg vis og har elles tatt kloke materialval som passar til produktets bruk. Produktet består av fleire ulike teknikkar som er jamt strikka.  Til saman utgjer dette eit produkt til glede for brukar i mange år fram i tid.

 

Diplom for godt handverk 2022, Flettestrømper William M.A. Riedlinger

  1. Tægerkorg av Gry Oftedal

Diplom for godt handverk: Tægerkorg

I denne tægerkorga ligg det svært mykje tid bak. Handverket består av jamne tæger i liknande tjukkleik som har blitt reinsa på ein grundig måte. Det vitnar om god kunnskap i materialet. Opplegget og rutebindinga i botn er tett og symmetrisk utført og forma opp langs sidene er jamt formgjeve. Støttekanten under er solid. Tægerkorga er komposisjonsmessig velfungerande. Elles er korga handverksmessig godt utført på ein måte som relativt få meistrar i dag.

Diplom for godt handverk 2022, Tægerkorg av Gry Oftedal