Dyrsku'n 8.-10. september 2023

Klikk her for å kjøpe billetter

Diskuterte biogass for landbruket

Kan biogass vere ein del av klimaløysinga for landbruket?

14.09.2019

Det var spørsmålet panelet fekk i Møt landbruket-teltet laurdag. Der var blant anna representantar frå Vestfold som produserer biogass av hushaldningsavfall. Rektoren for landbruksskulen på Søve kunne avsløre at dei nå bygger eit visningsanlegg for biogass.

-I går fekk vi gladmelding frå Innovasjon Norge, vi får pengar til eit biogassanlegg på Søve, sa ein glad rektor på Nome vgs avdeling Søve, Marit Hoven. Det betyr at vi ikkje bare kan snakke om klima, men også vise elevane korleis landbruket kan vere klimavennleg i praksis. Dette anlegget skal me også vise til bønder som vil lære meir, sa ho

I Vestfold har dei alt eit stort anlegg hos Den magiske fabrikken som tar imot matavfall frå 1,2 millionar innbyggarar, eller kvar femte nordmann. Ved produksjon av biogass blir det også produsert eit godt gjødselprodukt som bønder rundt anlegget kan nytte godt av.

I diskusjonen kom det fram at eit biogassanlegg for ein einskild gard framleis er for dyrt. Det må større anlegg til for å få økonomi i prosjektet.