Dyrsku'n 8.-10. september 2023

Klikk her for å kjøpe billetter

Dyrsku-kruset 2021

Eit Soria Moria for framtida. Då Dyrsku’n vart avlyst i fjor, var det mange som frykta eit hol i den ubrotne rekka si med dei tradisjonelle Dyrsku-krusa. Men administrasjonen var aldri i tvil, og no er nok ei utgåve av det ettertrakta samlarobjektet klart.

10.09.2021
Dyrsku-kruset 2021

Dyrsku-kruset er eit samlarobjekt som er veldig viktig for mange å ha med seg som minne frå kvart år. Sjølv om det ikkje vart noko fysisk arrangement i fjor, var det aldri aktuelt å droppe krusa, seier Yvonne Eilefstjønn, marknadsleiar i Dyrsku’n. Ho kan fortelja om stor pågang og trur det er fleire orsakar til det.

– Mange er opptekne av å ha ei ubroten rekke med krus, men òg for dei som ikkje samlar til vanleg, har krusa vore ettertrakta. Det er jo fyrste gong i historia at Dyrsku’n har vorte avlyst, så det er noko ekstra spesielt med å ha eit handfast minne om annleisåret 2020, seier ho.

Kruset forsvann som smaksprøvane i Matteltet plar gjera kvart år. Eilefstjønn seier dei har sendt krus til både nord og sør, aust og vest, og berre har att nokre få på lager.

Dyrsku-kruset 2021

I desse dagar er dei eksklusive 2020-krusa i ferd med å få selskap av ein flunkande ny ven. 2021-kruset er teikna av Svartdal-illustratøren Anders Kvåle Rue. Motivet er inspirert av måleriet «Langt, langt borte saa han noget lyse og glitre», Theodor Kittelsen sin illustrasjon til folkeeventyret om Soria Moria slott. På kruset står vandraren og ser ned på Dyrskuplassen, som ligg langt der framme og skin.

– Vi har ei historie på drygt 150 år, og visjonane våre for framtida er ikkje noko mindre enn det som ligg bak oss. Tanken er at Dyrsku’n skal leva i minst 150 år til, eit arbeid vi er godt i gang med, saman med ei rekke gode samarbeidspartnarar, seier Eilefstjønn.

Ho er overtydd om at møteplassen Dyrsku’n er viktigare enn nokon gong.

– Vår klare målsetnad er at Dyrsku’n berre skal få ein større plass i tida som kjem, både som møteplass for folk og fe, og som ein fagleg arena. Det er den framtida vi ser på årets Dyrsku-krus, og vi gler oss verkeleg til å sjå ho i røynda allereie neste år.

Dyrsku-kruset har blitt eit samleobjekt for mange

Dyrsku-kruset har blitt eit samleobjekt for mange. Foto: Mona B. Kasin