Dyrsku'n 8.-10. september 2023

Klikk her for å kjøpe billetter

Dyrskudronninga – ein sjeldan skatt

Telemarkskua er sjølve opphavet til Dyrsku’n og framleis vert ho beteikna som ryggraden i fesjået

15.09.2019
Aslaug Moen med Gullrei på Dyrsku'n i 1956

Dyrskudronninga

Kvart år sidan 1866 har Telemarkskua vore studert og beundra av både ekspertar og lekfolk på Dyrsku’n. Slik er det og denne Dyrsku-sundagen. På Sterke Nils-tunet kan ein bli  betre kjent med Telemarkskua og vi er mange som har møtt opp for å nytte høvet når  Dyrskudronninga skal på scena.

Det er den etterkvart så røynde Veslemøy som skal beundrast i dag. Og scenevant, det er ho! Faktisk i så stor grad at ho i dag ynskjer å gje dei frammøtte eit show! Leiken og nysgjerrig som ho er, har ho ikkje tenkt å berre la seg beundre, ho vil gjerne by på seg sjølv. Vigdis Opsund, som kjem leiande med Veslemøy, har heldigvis føtane godt planta på bakken. Ho lar seg ikkje stresse av ei leiken ku. «Veslemøy er rett og slett litt PR-kåt og vil gjerne vise seg fram», fortel Vigdis. For slik er Telemarkskua, leiken og nysgjerrig av lynne.

 

Telemarksfe er ein sjeldan skatt

Gunnar Haugo i Landslaget for Telemarkfe fortel dei frammøtte historia om Telemarkskua. «Telemarksfe er ein sjeldan skatt», innleiar han med. Det er kanskje ikkje tilfeldig at det var den forfengelege Telemarkingen som måtte skaffe seg rosemåla kyr! Og Telemarkskua er som Telen sjølv, både sta og stri, men og nysgjerrig og sosial. Telemarkskua hadde si stordomstid etter at ho vart godkjent som eigen rase allereie i 1856. No er det norsk rødt fe som dominerar og Telemarksfeet var ei stund kritisk utryddingstruga. No har denne vakre kyri jobba seg oppover i både antal dyr og omdømme. Og ho byr ikkje berre på mjølk, men og kjøt i verdsklasse. Haugo avluttar som følgar: «Telemarkskyri er det vakraste som finst på 4 bein!» Det kan vi vere samde i – alle inklusive Veslemøy sjølv.

 

Martine, 4 år frå Lunde, er vant med dyr. Ho går like bort til Veslemøy og klappar ho på hovudet. Men ho har passa på å gi mamma slikkepinnen før ho går bort til kua. Det er greit å vere på den sikre sida når det gjeld godbitane….