Dyrsku'n 8.-10. september 2023

Klikk her for å kjøpe billetter

Dyrsku’n i annleisåret

Det opplevast ganske spesielt å vere styreleiar i eit år der Dyrsku’n blir avlyst for aller fyrste gong, seier Aslak Snarteland

11.09.2020

Året er 1856. Brorparten av Noregs befolkning livnærer seg på landbruket. Hungersnauda og fattigdomen i landet er stor, og utflyttinga til Amerika tiltek. Endring må til, og statsagronomen ynskjer å ta grep. Inspirert av strøymingar i Europa ynskjer han å innføre tiltak for å få opp produktiviteten i det norske landbruket, kunnskapen må opp! Statsagronom Lindeqvist går i bresjen for å etablere utstillingar for kyr. Ved å konkurrere om den gjævaste kua, vil han inspirere til tiltak med fokus på hygiene, rett fôring og stell. Starten på systematisk avl skjer også i denne tida.

 

Dette var starten på Dyrsku-historia og i alle år etter 1866 har det årvisst vore arrangera Dyrsku’n i Seljord. Også gjennom spanskesjuke og to verdskrigar. Det opplevast difor ganske spesielt å vere styreleiar i eit år der Dyrsku’n blir avlyst for aller fyrste gong.

 

Men vi er ikkje åleine. Vi står midt i ei global krise vi må handtere som best vi kan. Ei krise der avstand er det beste våpen. Paradokset er at vi som menneske normalt sett møtes og brukar samhaldet med andre som ei styrke i vanskelege tider. Møtes brukar vi og å gjere for å lære noko nytt, for å oppleve og for å bli inspirert. Derfor kjem det årleg 90.000 besøkande til Dyrsku’n for å smake, sjå på dyr, handle og ta del i dei rotekte opplevingane på plassen, som husar Noregs største mat- og landbruksmesse.

I år set pandemien diverre ein stoppar for dette. Retningslinene frå staten gjer det umogleg å arrangere folkefesten Dyrsku’n.

Ola Hedstein i Norsk Landbrukssamvirke seier: «… I en tid hvor viktigheten av kunnskap om selvforsyning og norsk matproduksjon er så sentral, er det leit at vi ikke kan møtes til debatter og foredrag i Seljord».

Vi treng i stor grad mykje av det same i 2020 som i 1866. Vi treng påfyll av kunnskap for utvikling og vekst, vi treng møteplassar og vi treng mat.

Det var difor med svært stor tilfredsheit vi fekk meldinga om at regjeringa løyver støtte til Dyrsku’n, og vi er glade for at vi no er langt betre rusta til å vidareutvikle Noregs viktigaste møteplass for mat og landbruk. Vi ynskjer å rette ein stor takk til regjeringa og alle andre som har bidrege til dette. Eg håpar vi snart ser slutten på korona-pandemien og kan returnere til «normalen». Dog ein normal som kanskje ikkje blir heilt slik vi kjenner han frå før.

Eg håpar vi som nasjon har lært noko. Eg håpar vi har lært om samhald og sårbarheit. Eg håpar vi har lært om samarbeid og verdien av heilt sentrale både verdiar og funksjonar i samfunnet.

I vår evige søken etter «noko meir» har vi søkt stadig større opplevingar. Gjennom dette året har vi kanskje erfart at det er det kjende som likevel er mest dyrebart for oss, rutinane, vanane, normalen. Vi har også erfart at når funksjonar «vi tar for gitt» blir samfunnskritiske, rører det ved heilt grunnleggande element i vår eksistens. Som bonde håpar eg også vi har lært noko om verdien av norsk matproduksjon.

Som nasjon har vi vist oss fram som eit tilpassingsdyktig og pliktoppfyllande folkeslag. «Dugnad» vart tidleg introdusert som ei beskriving på våre «oppofringar» Det vekker noko i folkesjela: «Klart vi skal bidra!»

Dugnad er vi godt kjende med i Dyrsku-samanheng. Det finaste med dette særnorske fenomenet er kanskje at det gjer ikkje forskjell på nokon, vi bidrar på tvers til det beste for fellesskapet.

Eg meiner våre folkevalde har stått støtt gjennom denne prosessen. Ein kan vere einig eller ueinig i tiltak og avgjerder, men gjennom sin openheit – også om ting som er særs utfordrande og usikkert – har dei vist veg på ein framifrå måte.

Eg gler meg til å ynskje velkomen tilbake gjester, samarbeidspartnarar og utstillarar til Dyrsku’n i 2021. Eg gler meg til politiske debattar, til spennande smakar, dyreutstillingar, foredrag, nyheiter innan jord- og skogbruk, spennande kulturinnslag og husflidsutstillingar, handel og folkeliv.

Eg håpar eg ser deg på Dyrsku­plassen 10.–12. september 2021!