«Annleisåret» kalla vi 2020, lite visste vi då om omfanget av pandemien som skulle kome til å prege samfunnet i lang tid. 2021 vart også eit «annleisår», og krisa den står vi framleis midt i. Ei krise vi skal reise oss frå, truleg med auka medvit om dei verdiane som verkeleg betyr noko for oss.
Avgjerda om å avlyse Dyrsku’n for andre år på rad var krevjande. Arrangementet involverer tusenvis av både utstillarar, dugnadsfolk, samarbeidspartnarar og gjester som alle ynskjer seg tilbake til Dyrsku’n. Det er også litt av grunnen til at ei avgjerd tilknytt Dyrsku’n måtte takast så tidleg. Varer skal bestillast for dei over 800 utstillarane, detaljer skal planleggast for over 2000 vakter og ikkje minst må programmet planleggast i god tid for Noregs største handels- og landbruksmesse. Vi har møtt stor forståing for den vanskelege avgjerda vi tok, og felles for dei mange attendemeldingane vi har fått er at Dyrsku’n er sårt sakna og ein gler seg til vi atter kan samlast i Seljord i september.
Eg trur pandemien har medført ei auka forståing for samfunnet vi lever i, kva vi har behov for og kva som verkeleg betyr noko. Folk vil oppleve nærleik og det rotekte og nettopp det er sjølve substansen i Dyrsku’n, som har vore møteplass og kunnskapsformidlar i over 150 år. Her er ein tett på naturen, kulturen og saken. Både før, under og etter arrangementet i september jobbar Dyrsku’n for utvikling, vekst og formidling innan våre kjerneområde. Om formen har endra seg i takt med tida er ikkje Dyrsku’n sitt mål annleis frå då arrangementet blei etablera av staten i 1866 .
Gjennom debattar, foredrag, handel, formidling og rotekte opplevingar skal Dyrsku’n bidra til å skape større forståing, auka kunnskap og verdiskaping for norsk landbruks- og matproduksjon.
Dyrsku’n med si over 150 år gamle historie har store ambisjonar og planar for åra som kjem. På Noregs viktigaste mat- og landbruksmesse skal det debatterast sentrale tema innan berekraftig utvikling, det skal formidlast innovasjon i bransjen, så vel som norsk kultur og historie og det skal leggast til rette for Noregs beste salsarena innan både lokalmat og ei rekke andre bransjar. Vi skal gje gjestene våre gode rotekte opplevingar og vere ein sterk bidragsytar til auka verdiskaping for norsk landbruk- og matproduksjon.
I eit år kor vi ikkje kan møtast til folkefest i Seljord, håpar eg de finn glede i dei ulike sakene i avisa som alle representerer sentralt innhald for Dyrsku’n. Les om årets unge flotte bønder som verkeleg satsar og har spennande tankar for framtida, intervju med smed Øyvind Klausen som representant for handverket som ein svært viktig del av Dyrsku’n, den nokså utradisjonelle geitebonden Marie som også er ein merittert trippel ultra triatlon-deltakar, intervju med den nye konsernsjefen i Felleskjøpet og ikkje minst les om kva dei tre statsministerkandidatane meiner om satsing på landbruket i Noreg i åra som kjem.
Vi gler oss til å ta tilbake møteplassen Dyrsku’n og ser fram til å møtast til god handel, spennande politiske debattar, kulturopplevingar, dyr- og husflidsutstillingar og Nordens største tivoli – ein skikkeleg folkefest i Seljord 9.–11. september 2022!
Aslak Snarteland, styreleiar i Dyrsku’n Arrangement