Programmet til årets Dyrsku er meir mangfaldig enn nokon gong, og blant årets høgdepunkt kan nemnast;
- Veslestaulen. Bornas eigen staule rett ved Hovudinngangen kor born får prøve seg på ulike aktivitetar tilknytt dyr og mat
- Politisk fesjå under det offisielle opningsprogrammet leia av Aasmund Nordstoga og Eirik Aasheim
- Bård Tufte Johansen med skråblikk på norsk landbruk
- Verdsmeistar i kokkekunst Geir Skeie kjem for å fortelje oss om kva vi burde ha som tilbehør til maten
- Familiesundag. Lothepus og Katastrofe kjem for å opptre
- «Det norske måltid»
- NM i graut
- Eiget øltelt for mikrobryggeri
- «Ein kubbe å stole på» Ei reise i kubbestolens historie. Frå tradisjonelt handverk til design i 2017
- I tillegg blir det tradisjonelle husdyr- og hesteutstillingar, bryllaup, tivoli og eit vell av aktivitetar, foredrag og underhaldning gjennom heile helga.