Foto: Heidi Furre/The Northern Belle
Marie Tveiten er musikar og låtskrivar. Ho korar og spelar både gitar og perkusjon i country- og popbandet The Northern Belle. Ho er også seljording og 110 prosent Dyrsku-veteran.
– Eg er 26 år gamal, og har vore på Dyrsku’n i 27 år. Tenk på det! seier ho.
Ho har jobba på matutsalet for idrettslaget og spela hardingfele på Sterke Nils-tunet.
– Gitarist Ole-André har vore med meg og spelt på Dyrsku’n for nokre få år sidan. Det var på opningsprogrammet, og då spelte vi mine eigne låtar.
Tar med gjengen heim
I år tek ho altså med seg resten av gjengen, som alle kjem frå andre delar av landet. Bandet skal spele to konsertar på fredagen – fyrst under sjølve opninga, så i ein eigen The Northern Belle-konsert.
– Vi har spelt land og strand rundt, men har berre hatt ein konsert i Seljord tidlegare. Eg gler meg til at bestemor Momo også kan få med seg konserten, seier ho.
Noko av det hyggelegaste Tveiten veit, er å treffe på familie og kjente på Dyrskuplassen kvar haust.
– Dyrsku’n er stort for Seljord, og når eg blir kjent med nye folk, tek det ikkje lang tid før dette er eit tema. Kjærasten min veit at han alltid må sette av andre helga i september, seier ho.
Har planane klare
Som rutinert Dyrsku-gjengar har ho planen klar. Ho må alltid innom Husflidsutstillinga, Lokalmat-teltet og Sterke Nils-tunet, og ho et alltid rjomegraut på Åmotsdalssjappa.
– I handleposen heim att er det heimelaga sjokolade, spekepølse, noko frå sportsbutikkane og ripsgelé, seier Tveiten.
I fjor fann ho ein ny favoritt på Dyrskuplassen: Ronja Revilla. No gler ho seg til å sjå kva ho finn på standen hennar denne gongen.
– Ho lagar dei finaste veskene, belta og lommebøkene, med salmakersøm. Eg reknar med at eg kjem til å finne enda fleire ting å sette opp på ønskelista til jul i år også.
Lovord, seksarar og ei oppfordring
For publikum elles er det kanskje eit av albuma til The Northern Belle som hamnar rett på ønskelista. Deira andre studioalbum, «Blinding Blue Neon», har teke Noreg – og meldarane – med storm.
Aftenposten trilla ein sekser på terningen. Dagbladets meldar skildra albumet som «mykt som silke». Musikkmeldar Rune Letrud skreiv at plata var ei av dei finaste norske platene han har høyrt. Kanskje ikkje så overraskande at plata sikra bandet ein nominasjon til Spellemannprisen.
For å omsetje Dagbladets meldar til nynorsk: Møt opp, lat att auga og innbill deg at du er i Nashville!
Du kan høyre The Northern Belle på Hovudscena i Fjoset
Fredag
15.00: Offisiell opning av Dyrsku’n 2019 med musikalske innslag frå The Northern Belle
17:00: Konsert med The Northern Belle
Tekst: Aina Kristiansen/Tun Media