Eit eldorado for borna

Sundag er den store familiedagen på Dyrskuplassen og i år blir det både sirkus og tivoli til folket.

30.08.2018

Det er tradisjon at den siste dagen er vigd familien, men det er aktivitetar for både store og små heile helga.

 

Borneparken byr på mykje moro for born mellom to og åtte år og Noregs største tivoli, Lunds Tivoli, kjem attende med karusellane sine.

Sirkus utan klovnar

Sjølvsagt må det musikk til for å skape liv, og det er rap- og popduoen Cir.Cuz som spelar opp til fest sundag kl. 16.00.

Cir.Cuz består av Mats Melbye frå Sarpsborg og Thomas Pedersen frå Skien. Duoen debutera med sumarhiten «Radio» i 2011 og har hatt ei lang rekke hitsinglar og over 100 millionar streamingar sidan den gong. Størst av hitane er «Supernova», som har selt til heile 14 platina.

Eit vell av aktivitetar

Borna kan velje og vrake i aktivitetar, enten dei vil laga mat, dreie, spikke, byggje plankehytte, ri ponni eller kjepphest. Dei kan besøke ein ekte vikingleir eller helse på husdyr. Dei kan sykle smoothiesykkel eller henta ull, karde og spinne. Dei kan presse eple, binde halm eller støype tinn. Og dei kan vere med på stelling, pussing og mjølking i fjøset.

Om det stemmer at det er sunt å kjede seg, blir ikkje sundagen den mest helsesame dagen for borna.