Av Sandra Borch, landbruks- og matminister
Dyrsku’n er eit omgrep. Dyrsku’n er ein institusjon – for bønder, for bygdefolk og for folk flest. Med sine imponerande 156 år, vart det første Dyrskue halde i god tid før parlamentarismen vart innført i Noreg.
Mangfaldet av ulike festivalar og arrangement blir større år for år. Men Dyrsku’n skil seg ut i mengda, og samlar 90 – 100 000 menneskje på tre dagar. Om det er sol eller regn betyr lite – på Dyrsku’n skal folk!
Dyrsku’n har til alle tider halde fast på det sentrale:
• Same tidspunkt. Den andre fredagen i september, siste helga føre Krossmesse har vore fast opningsdag for Dyrsku’n «til alle tider». Krossmesse var den dagen haustonna skulle vere ferdig, feet skulle vere tekne heim frå setra, gjerde kunne takast ned og grinder kunne opnast.
Då visste folk at det var tid for Dyrsku’n.
• Same stad. Dyrskuplassen i Seljord har vore møteplassen gjennom alle år. På bilete frå Dyrskuplassen i 1867 er det lett å kjenne igjen det som også i dag er sentrum for Dyrsku’n. Då var det første fjøset på plass, bygd etter teikningar av statsagronom Johan Lindeqvist, som var ein pionér og drivkraft i moderniseringa av husdyr- bruket i Noreg. Det var han som i 1866 arrangerte den første statsutstillinga for Telemarksfe her i Seljord, og der- med la grunnlaget for det Dyrsku’n vi kjenner i dag.
• Sist – og viktigast: Dyrsku’n har heile tida halde fast på kjerneaktiviteten: Husdyrutstillinga. Denne er bokstaveleg tala i sentrum – no som alltid før, så lenge Dyrsku’n har blitt arrangert. Rundt denne kjernen, det opphavelege, er det etter kvart blitt bygd ut eit vidt spekter av aktivitetar.
Dyrsku’n er folkefest og møteplass
I dag gjer alle desse tilleggsaktivitetane meir av seg enn den opphavelege husdyrutstillinga. Men poenget er at den opphavelege kjernen framleis er der – at det blir bygd vidare, og ut frå tradisjonen og røtene. Eg meiner mykje av Dyrsku’n si livskraft og suksess ligg nettopp her.
Og eg meiner at landbruket og bygde-Noreg si livskraft og suksess ligg i å gjere nettopp som Dyrsku’n alltid har gjort: Stadig utvikle nytt og endre, men med grunnlag i den tradisjonen ein står i.
Det er nesten rart å tenke på at den første Dyrsku’n i Seljord var i 1866. Det er 34 år før Landbruks- og matdepartementet vart oppretta.
Bøndene som levde då, ville hatt vanskar med å ta inn over seg alle dei endringane som har skjedd i det norske samfunnet og i landbruksnæringa sidan den gongen.
Då Dyrsku’n starta opp var folk flest bønder – ofte i kombinasjon med annan aktivitet. Det var eit arbeids- intensivt manuelt jordbruk. Men på andre halvdel av 1800-talet tok industrialiseringa av samfunnet til. Byane voks fram og det vart meir handel. Vi gjekk frå naturalhushaldning til salsjordbruk. Nye maskiner og reiskapar endra gardsdrifta, gjorde pro- duksjonen meir effektiv og reduserte behovet for arbeidskraft.
Det store hamskiftet
Det er dette diktaren Inge Krokan i 1942 kalla Det store hamskiftet. Omgrepet har seinare vore brukt for å beskrive store samfunnsmessige endringar, som også har vore viktige for bonde-Noreg og rammevilkåra for å produsere mat.
Norsk landbrukshistorie er historia om store endringar. Frå den gongen dei fleste av oss var bønder, til i dag der jordbruket står for berre to prosent av sysselsetjinga. Men når vi tar med ringverknader, er landbruket framleis ei stor næring. – Og aldri har den samla norske matproduksjonen vore større enn han er i dag!
Landbrukshistoria er historia om stadig betre dyrkingsmetoder, om ny teknologi som gjorde det mogleg å auke produksjonen med færre hender i arbeid. Om overgangen frå sigd til skurtreskjar, frå øks til hogstmaskin, frå hest til traktor og frå mjølkespann til at Noreg i dag er verdsmeister i bruk av mjølkerobotar. Dyrsku’n har gjen- nom alle år vore ein spegel for denne utviklinga.
Eg rundar av med nokre strofer frå Halvor J. Sandsdalens prolog til 100-årsjubileet for Dyrsku’n i 1956. Dei er like aktuelle i dag.
Her hev vårt folk
Gjennom hundre år
På fesjå samlast
I seinhaust-dagar
Dei tok seg fram
Ifrå hei og fjellgard
Med kyr i bende
…………
Koss ha’me greidd oss
I ufredsår
Forutan desse Velsigna dyri?
Å kjære du,
Lær din vesle gut
Og di vesle gjente
Bli glad i kyri.
Ho tenar livet,
Det er det store,
Og mjølk og smør
Det er gode ord
For han som heve
Ein barneflokk
Ikring stovebord.