Fekk støtte til formidling av gamalt fag

Vest-Telemark Museum og Dyrsku’n har i haust jobba med eit prosjekt som kan engasjere born og unge til å bruke hendar og skaparevne i smia. Gjennom Sparebankstiftelsen DNB blei det søkt om midlar til innkjøp av utstyr, eit nytt bygg på Dyrskuplassen i Seljord og for drift av prosjektet. Når tildelinga er no er klar, vart det kjent at prosjektet fekk kr. 700.000,- i støtte frå stiftinga for å formidle det gamle faget til born og unge.

16.12.2021
Smedkunst frå Norheimsmia

Museet ynskjer å formidle tradisjonshandverket smiing for barn og unge i eit kulturhistorisk miljø, og gje dei moglegheita til å forme metallet med eigne hender ved bruk av tradisjonelle teknikkar. Prosjektet skal munne ut i eit konkret produkt, der elevane sjølve er aktive i prosessen.

I 2020 overtok Vest-Telemark Museum prosjektleiinga av landets største tevling og utstilling for handverk, husflid og design på Dyrsku’n i Seljord. Husflidsutstillinga vert laga i samarbeid med Dyrsku’n Arrangement og Norges Husflidslag, og har som mål å ta vare på tradisjonshandverket, fornye og samtidig gjere det aktuelt for nye generasjonar.

Under Dyrsku’n er det i tillegg til utstillinga og tevlinga, lagt stor vekt på demonstrasjon og framsyning av tradisjonshandverk. I 2022 er hovudtemaet i Husflidsutstillinga på Dyrsku’n smiing, og «Tidleg Krøkast» er såleis ein aktivitet som òg vil passe rett inn på formidlingsarenaen for dette, på Sterke Nils-tunet. Her vil det bli satt opp eit bygg som kan huse denne og fleire handverksaktivitetar i framtida.

Tiltenkt smedlærer i prosjektet er Johannes Grøstad Barstad. Han har nyleg fått svennebrev som smed, etter vel gjennomført praksis hjå smeden Steven Carpenter i Kongsberg. Det kan òg nemnast at Steven og Johannes saman står for eit imponerande kopieringsarbeid av ei stavkyrkjedør frå Botnedalen i Mo. Døra vil ha ei sentral rolle i Husflidsutstillinga på Dyrsku’n i 2022. Johannes er sjølv frå Svartdal og er i etableringsfasen som smed i eiga bygd.