Det er næringsorganisasjonen Hanen, daglegvarehandelen Meny og Dyrsku’n som står bak kåringa.
Hanen er næringsorganisasjonen for bygdeturisme, gardsmat og innlandsfiske. Dei jobbar for å fremje og sikre utviklinga av norsk mat og kulturarv.
Nytt av året er at Dyrsku’n, representert av dagleg leiar Geir Helge Espedalen, nå er med i juryen.
– Vi er svært glade for å vere med på Årets Lokalmatgründer. Denne prisen er med å skape merksemd og stoltheit blant norske lokalmatprodusentar og for Dyrsku’n er det sentralt å bidra til å fremje dette. Vi har stort fokus på dette også under Dyrsku’n, med eit stort mangfald av flotte lokalmatutstillarar som får profilere og selje sine produkt for eit stort publikum frå heile landet, seier Espedalen.
Bernt Bucher Johannessen er dagleg leiar i Hanen og har drive med restaurant, servering og reiseliv i meir enn 20 år. Han har følgt utviklinga i norsk mat- og drikkeproduksjon tett i eit kvart århundre. Sjølv brukar han ordet revolusjon om det som har skjedd.
– Og det har ikkje kome av seg sjølv. Difor ynskjer vi å bidra til å forsterke denne utviklinga med å ha ein slik pris, seier han.
Vinnarane blir offentleggjort 11. september.
Årets finalistar
HVASSER ASPARGES
Starta i 2012
Dyrkar lokal grøn og kvit asparges på øya Hvasser i Oslofjorden
Vert drive av brørne Freberg DA – Bernt, Anstein og Edvart
Leverer til Bama, MENY og lokale butikkar på Tjøme
Omsetnad i 2019: ca. 2 millionar
Les meir på www.hvasserasparges.no
DEN SORTE HAVRE
Starta i 2012
Driv på Tveter Gård i Våler
Vert drive av Johan Anstensrud og Ingunn Brustad Anstensrud
Dyrkar urkornet svarthavre
Foredlar råvarar til ferdig produkt på eigen gard
Leverer til MENY, Coop, SPAR, Joker-butikkar, spesialbutikkar, gardsutsal, Life-kjeden og britiske Marks & Spencer
Omsetnad i 2019: 5 millionar
Les meir på www.densortehavre.no
GRANSJØBERGET SÆTER OG VILTKJØKKEN
Starta i 2004
Viltkjøkkenet starta i 2018
Vert drive av Marianne Smitt-Amundsen Wimmer og Hans Wimmer
Eige pølsemakeri med sal av produkt
Utleie av Gransjøberget sæter med blant anna overnatting, selskap og jakt og fiske
Leverer til utvalde butikkar, serveringsstader og REKO-ringer
Omsetnad i 2019: 1,6 millionar
Les meir på www.gransjoberget.no
MIDSUMMER AS / MILJØGARTNERIET AS
Stifta i 2019 / Veksthus oppført i 2009
Sysselset i dag 1,5 årsverk i Stavanger / Held til i Kviamarka i Rogaland
Vert drive av Alex Bouché / Eigd av Kåre wiig og agurkprodusent Hallstein Aase
Produserer hot sauce og eksperimenterer med fermentering / 77.000 m2 med produksjon av tomatar, snacks-paprika og chili
Midsummers «flagship»-saus er i 300 norske butikkar
Nettbutikk som leverer til alle land / Energisamarbeid med nabobedrifta Tine Jæren
Omsetnad i 2019: 1,3 millionar / 75 millionar
Les meir på www.midsummerhotsauce.com / http://miljogartneriet.no/hjem
Kva er Årets lokalmatgründer?
Konkurransen er ein gründerpris innan lokalmat
Prisen gis til den bedrifta som har vore best på innovasjon, nyskaping og lønnsemd
Hanen, Meny og Dyrsku’n står bak kåringa som skjer for sjette gong i 2020
Publikum har nominert favorittane sine, juryen har plukka ut fire finalistar som publikum så kan stemme på
Tidlegare vinnarar
2015: Det Norske Vaffelstekeriet
2016: Thorbjørnrud hotell og ysteri
2017: Avdem gardsysteri og Avdembue
2018: Røyland Gård
2019: Ostebygda