Gratis matkurs på Veslestaulen

Gratis matkurs for barn
På Veslestaulen blir det både læring og moro med gratis matlagingskurs

Foto: Det Norske Måltid

Kursa blir arrangera av Fra Hage til Mage og Det Norske Måltid.

Gjennom rotekte opplevingar ynskjer Dyrsku'n å gje born og unge eit naturleg forhold til mat og dyr. Matkultursenteret Fra Hage til Mage held vanlegvis til i Stavanger, men i september sett dei kursen til Seljord for å spreie matglede og kunnskap. "Vi ynskjer å gje born gode evner og kunnskap for å ta gode val i framtida, både når det kjem til berekraft og sunt kosthald", seier dagleg leiar og eigar Therese D'Este Thomassen. 

Barnevennlege oppskrifter

Det er Det Norske Måltid som har hyra inn Fra Hage til Mage til Veslestaulen. Dei samarbeider også med Iver & Evne. Dei ynskjer å fremje norsk mat og skal bruke lokale råvarer. Til Dyrsku'n har dei plukka ut nokre av råvarene som har blitt kåra til Det Norske Måltid dei siste fire åra, og særleg fisk, grønt og grove korn har vore fokuset deira. På kurset skal borna lære å lage bollinos - eller klippfiskbollar - og potetlomper. Dei får og prøve å lage pikekyss med friske bær. Iver & Evne lagar barnevennlege oppskriftskort, forma nærast som små spel. Desse gjer det enklare for borna å fylgje oppskriftene og skal sjølvsagt brukast under kursa. 

Vil gjere borna stolte av norsk mat

"Dyrsku'n er ein stad med lange tradisjonar for å fremje bonden og dei norske produsentane. vi er stolte av å kunne bidra til å vise fram kor mange flinke folk vi har her i landet, slik at også borna blir merksame på det", seier Thomassen. Ho oppfordrar til påmelding på førehand for å sikre seg plass på kurset. Er det ledige plassar på sjølve dagen, går det sjølvsagt an å slenge seg med i siste lita. 


Vil du bestille plass på matkursa? Trykk her for å bestille billett.