Mykje moro for barna på Dyrsku'n

Mykje moro for barna på Dyrsku'n
På Dyrsku'n kan du velje og vrake i aktivitetar! Les om dei her.

Leik i bornepark

Borneparken byr på mykje moro for born mellom to og åtte år. Her kan ungane leike og lære i regi av 4H medan foreldra utforskar resten av Dyrskuplassen. 


Reis i tid til vikingleir

Bli med Olavs menn til vikingleiren og sjå korleis vikingane levde. Prøv deg på pil og boge, lek på vikingvis, tyd runar og sjå ekte sverdkamp. 


Fart og moro på tivoli

Noregs største tivoli, Lunds Tivoli kjem attende med karusellane sine. Her blir det garantert fart og moro!


Ri på ponni eller kjepphest

Ridegruppa Seljord Idrettslag inviterer til ponniriding for borna. Dei minste kan prøve seg på kjepphestriding. 


Lær spikking og dreiing

Tre er eit artig materiale å arbeide med. På Skogtunet kan borna lære spikking i regi av Skogselskapet. Ved Hall B inviterer Norges Husflidslag til tredreieverkstad for born.


Bli «Skogens brannvokter»

For å bli «Skogens brannvokter» med diplom og raud kaps, treng ungane berre å møte opp på Skogtunet og lære seg tre enkle skogbrannreglar. 


Køyr ei hogstmaskin

Søve vidaregåande skule har med seg hogstmaskinsimulatoren sin til Skogtunet. Her kan borna prøve korleis det er å køyre ei hogstmaskin. Dei som er for små til å køyre, kan prøvesitje simulatoren.


Test kunnskapen med kviss

På Skogtunet blir det bornevennleg kviss med skogen som tema. I Landbrukshallen blir det også kviss. Flotte premiar til vinnarane. 

 

Prøv veving eller fletting 

Ung Husflid inviterer til Dalane skule, kor borna kan lære kabylsk vev og fletting av reflekssnorer. 


Lær om tradisjonell gardsdrift

På Sterke Nils-tunet kan borna sjå fjosstell, mjølking av geiter, pussing og stell av fjordhest, smiing, tilbereding av gresskar og eplepressing.

Bli kjend med dyra

På Veslestaulen kan ungane møte og lære meir om dei norske husdyra. 

Matkurs på Veslestaulen

Her blir det og både læring og moro med gratis matlagingskurs arrangera av Fra Hage til Mage og Det Norske Måltid.

Gjennom rotekte opplevingar ynskjer Dyrsku'n å gje born og unge eit naturleg forhold til mat og dyr. Matkultursenteret Fra Hage til Mage held vanlegvis til i Stavanger, men i september sett dei kursen til Seljord for å spreie matglede og kunnskap. "Vi ynskjer å gje born gode evner og kunnskap for å ta gode val i framtida, både når det kjem til berekraft og sunt kosthald", seier dagleg leiar og eigar Therese D'Este Thomassen. 


Barnevennlege oppskrifter

Det er Det Norske Måltid som har hyra inn Fra Hage til Mage til Veslestaulen. Dei samarbeider også med Iver & Evne. Dei ynskjer å fremje norsk mat og skal bruke lokale råvarer. Til Dyrsku'n har dei plukka ut nokre av råvarene som har blitt kåra til Det Norske Måltid dei siste fire åra, og særleg fisk, grønt og grove korn har vore fokuset deira. På kurset skal borna lære å lage bollinos - eller klippfiskbollar - og potetlomper. Dei får og prøve å lage pikekyss med friske bær. Iver & Evne lagar barnevennlege oppskriftskort, forma nærast som små spel. Desse gjer det enklare for borna å fylgje oppskriftene og skal sjølvsagt brukast under kursa. 


Vil gjere borna stole av norsk mat

"Dyrsku'n er ein stad med lange tradisjonar for å fremje bonden og dei norske produsentane. vi er stolte av å kunne bidra til å vise fram kor mange flinke folk vi har her i landet, slik at også borna blir merksame på det", seier Thomassen. Ho oppfordrar til påmelding på førehand for å sikre seg plass på kurset. Er det ledige plassar på sjølve dagen, går det sjølvsagt an å slenge seg med i siste lita. 

Vil du bestille plass på matkursa? Trykk her for å bestille billett.