Rikke Kåsa vann i 2019 Norges Husflidslag sitt diplom for godt handverk med si fantastiske raudtrøyedrakt for barn, etter modell av dokkeklede på Norsk Folkemuseum.

Deltakar på Husflidstevlinga

Saman med Vest-Telemark Museum og Norges Husflidslag som fagansvarleg arrangerer vi landets største tevling i husflid, handverk og design, før arbeida vert synt fram i ei spennande utstilling under marknadsdagane på Dyrsku’n. I utstillinga kan du og sjå ei dagsaktuell særutstilling, spennande gjesteutstillarar, demonstrasjon av handverksteknikkar og flotte elev- og studentarbeid. Vil du delta i tevlinga?

Husflidstevlinga på Dyrsku'n er Noregs største tevling i husflid, handverk og design

Premieutdeling husflidstevlinga

Dersom du har ein tilsett som skal jobbe kun ein dag på Dyrsku’n, kan du kjøpe dagskort som bytast inn i eit band som er gjeldande valfri dag.

Meir informasjon om dagskort utstillar finn du her.

Åpne på egen side

På Dyrsku’n har vi tilrettelagt for at utstillarane skal få seg eit pusterom og litt næring i kroppen.

Utstillarkantina finn du på Storstogo, i samme lokale som utstillarkontoret. Her kjem du berre inn med id-band som adgangsbevis (kundekort gjeld dessverre ikkje). Vi serverer berre heimelaga mat med norske råvarer.

 

 

Åpne på egen side

Dyrsku’n ligg på Dyrskuplassen i Seljord. Den vakre bygda ligg sentralt i Sør-Noreg, midt mellom Oslo, Bergen, Stavanger og Kristiansand.

Finn raskaste veg til Dyrskuplassen.

Åpne på egen side

Det tilkjem ei påmeldingsavgift på kr. 370,- som blir fakturert utøvar etter påmelding til husflidstevlinga.

Her finn du rettleiing og reglement for husflidsutstillinga på Dyrsku’n.

Åpne på egen side

Nei, dei påmeldte arbeida er IKKJE forsikra gjennom Dyrsku’n Arrangement AS. Dersom du ynskjer å forsikre arbeidet ditt, må dette gjerast privat. Postgangen er forsikra gjennom Posten.

Her finn du meir informasjon om husflidstevlinga på Dyrsku’n.

Åpne på egen side

Kvar kategori er dela inn i ulike klasser med rom for dei fleste utøvarar. Stikkord for innleverte arbeid kan vere: Tradisjon, nyskaping, kvalitet, breidde og mangfald.

Her finn du kategori for husflidsutstillinga på Dyrsku’n.

Åpne på egen side

– Marknadsføring og synleggjering for eit stort og interessert publikum
– Moglegheit for å knytte viktige kontaktar
– Verdifull erfaring med å stille ut og ha kontakt med publikum
– Moglegheit til å bruke Dyrsku’n som sals-arena
– Ekstern, objektiv og fagleg tilbakemelding
– Heve kvaliteten på arbeidet ved hjelp av tilbakemeldingar
– Premie og diplom for 1. plass med moglegheit til å vinne spesielle prisar
– Verdifull post på CV’n
– Sette fokus på husflid, handverk og design
– Oppretthalde og utvikle tradisjon

Lyst til å delta i tevlinga?
Tevlinga er open både for profesjonelle handverkarar og for dei som har handverk som hobby. For elevar, studentar, lærlingar og kursdeltakarar er det oppretta eigne klasser, og desse gruppene er spesielt velkomne til å delta.

Åpne på egen side

Til Dyrsku’n kjem tusenvis av tilreisande publikum og utstillarar. Sjå vår rikhaldige oversikt over ledig overnatting i og rundt Seljord.

Det er ledig kapasitet i området kring Seljord! Her finn du oversikt over både private boliger og etablera overnattingsbedrifter som kan tilby overnatting.

Sjå oversikta vår over ledig overnatting på Dyrsku’n

Åpne på egen side
Husflidstevlinga på Dyrsku'n er Noregs største tevling i husflid, handverk og design
Vil du vere utstillar i Hall A?

Søk om standplass innan 1. februar