Dyrsku'n utan hund

Vi er glad i kjæledyr på Dyrsku'n, men ettersom det er forventa store menneskemengder, anbefaler vi at publikum lar hundar og andre kjæledyr bli heime under Dyrsku'n.

Vi er sjølvsagt glad i dyr, men då vi ventar mykje folk og trengsel, vil vi avgrense antal hundar og andre kjæledyr på Dyrsku'n. Ikkje alle er vant med husdyr, nokon er kanskje allergiske. Om ein okse på over 1 tonn blir redd for hunden din og bryt seg laus, er det ikkje lett å roe han ned til å gå tilbake til båsen sin. Sjølv om hunden din er vant med dyr, er kanskje ikkje dyra som er til stades på Dyrsku'n vant med nettopp din hund.

I nokre område vil det bli adgang forbode for hundar, t.d. i område der det er utstillingsdyr og der det er matsal innandørs. Hund og eigar vil bli synt vekk frå desse plassane dersom oppmodinga ikkje blir etterkome.