bornas dyrsku

Det er morosamt å vere born på Dyrsku’n! Med litt jamlege påfyll av mat, kan familien gå heile dagen og sjå på omtrent alle dyra du finn i det norske landbruket.

Få med deg dyr som ku, hest, geit, gris, kaninar, kylling, sau og kanskje du finn ein lama eller ein alpakka i tillegg? Dei fleste kjem du tett innpå, nokon kan du prøve å sitte på ryggen til, eller du kan vere med i fjosstellet kvar dag. 

Tivoliet er eit stort trekkplaster for både born og vaksne som fortsatt er litt born inni seg, og du kan delta på matkurs spesielt for born. Eller vil du besøke tredreie-verkstaden, spikke, smi eller støype tinn? 

Blir du sliten av alle tilboda? Ta «fri» frå alle inntrykka og besøk leikeparken vår i nokre timar – der er det godt og trygt å vere, og dei vaksne i familien kan gå på eigen hand ei lita stund. 

Last ned oversikt over alle aktivitetane for born på Dyrsku'n her! 


Bornas Dyrsku'n 2017


Relaterte Artiklar