Vi treng overnatting

Har du ei ledig seng å leige ut i Dyrsku'n?

Ein del av Dyrsku-gjestane har aldri vore i distriktet her før, og har vanskar med å orientere seg kvar den einskilde plassen ligg i forhold til Dyrskuplassen.

Vi ynskjer at alle, både profesjonelle og private aktørar kan registrere seg her, slik at fleire kan få oppleve folkefesten Dyrsku’n.

Det vil ikkje vere kostnadar knytt til å registrere seg med ein overnattingsstad på sida vår, men vi gjer merksam på at det blir tatt kvalitetskontroll på alt som er lagt inn, før det blir godkjent og publisera inn i oversikta ut mot publikum.

Veit du om nokre andre som vurderer å leige ut sine private hus eller hytter? Tips dei gjerne om moglegheita til å registrere seg her! 

SLIK GJER DU DET:

  • Gå inn på lenka her https://kart.dyrsku.no/
  • Fyrste gong må du registrere deg med 3 enkle trinn: E-post, passord, gjenta passord.
  • Deretter kjem du inn på ei oversiktleg side, der du fyller ut dei punkta som passar best for deg. 
    • Last gjerne opp bilde, gjesten vil ha eit visuelt inntrykk av kva han kjøper.
    • Huk av for kva du best kan kjennast att som; Hotell, hytte, leilegheit osb.
  • På «Framsidetekst» skriv du ein kort tekst om kva du kan tilby, maks 250 ord.
  • På «Meir info» kan du skrive inn ein lengre tekst, men her ynskjer vi at du fyller inn fasilitetar,  m.a. pris, antal sengeplassar, sengetøy, sluttvask, kokemoglegheiter osb.
  • Dersom du etter kvart får fullt, går du inn same stad og skriv inn i feltet «Fullt?». Her kan du og til dømes skrive «Hotell fullt, leilegheiter ledige». Dersom du gløymer å endre status, vil du fortsette å få telefonar – og publikum kan «rapportere» via e-post om å endre status. Då får både du og Dyrsku’n ein e-post som minner oss på å endre status til FULLT.

Når du er fornøgd med alle opplysningane, trykk på fyrst "Lagre" og deretter "Publiser", så kjem oppføringa tilbake til Dyrsku'n for godkjenning. Vi kan deretter publisere den ut på den samla oversikta vår.

Kontakt oss gjerne ved spørsmål. 

 Overnattingsoversikt Dyrsku'n