Seljord Varmeservice

Seljord Varme, spesialister på peis og varme
Seljord Varmeservice har vore på Dyrsku'n sidan oppstarten av firmaet i 2007.

Selskapet har spesialisera seg på varmeløysningar i hus og hytte, men er og leiande importør av andre omnstypar som blant anna bake- og pizzaomn. Selskapet er lokalisera i Seljord, men har gjennom nettbutikken sin ein marknad som strekk seg over heile landet. 

I 2015 gjekk Seljord Varmeservice inn som samarbeidspartner til Dyrsku'n Arrangement. Dagleg leiar Tarjei Skræi ser fram til samarbeidet med Dyrsku'n. ”For oss er samarbeidet med Dyrsku'n eit strategisk val. Vi ynskjer å nå ut til enda fleire, spesielt utanfor landets største byar, og her har Dyrsku'n ei ekstremt lojal kundegruppe. Det er spesielt spennande med tanke på vår satsing med matomnar ettersom Dyrsku'n i stadig større grad gjer seg attraktive for matinteresserte. Vi gler oss til samarbeidet!"


Annonse