Sparebanken DIN

Dyrsku'n samarbeidspartner Sparebanken DIN
Sparebanken DIN er eit resultat av fusjonen mellom Seljord og Bø Sparebank i 2013, og utvidar i 2016 si drift med opning av kontor i Skien og aukar med det si regionale satsing monaleg.

Dei to aktørane trur samarbeidet vil bidra positivt til respektiv lokal, regional og nasjonal satsing. 

«Vi er svært nøgde med å ha inngått samarbeid med Dyrsku'n, som i over 150 år har bidratt til stor vekst både lokalt og regionalt! Med over 700 utstillarar, 90 000 besøkande og 500 mill kr i omsetning desse tre dagane, er ikkje minst ringverknadane frå dette storarrangementet monaleg. Sparebanken DIN og Dyrsku'n har mange felles verdiar og vi arbeidar begge aktivt med framtidige løysingar for publikum/kundar. For ein framtidsretta bank er det sjølvsagt viktig å vere på lag med slike aktørar, og forhåpentlegvis spela kvarandre endå betre i framtida», seier assisterande banksjef i Sparebanken DIN.

«Sparebanken DIN, tidlegare Seljord Sparebank, har i alle år vore ein viktig støttespelar for Dyrsku'n.  At vi no utvidar samarbeidet ytterlegare trur eg vil gjere oss endå sterkare og betre rusta for framtida, både kvar for oss og i saman.  Det å ha eit godt samarbeid med den lokale banken er svært viktig for oss, og betyr mykje for den vidare satsinga Dyrsku'n gjer i framtida», seier dagleg leiar Geir Helge Espedalen.  

Vi ser fram til eit særs tett og godt samarbeid i tida framover, der vi vil nytte spisskompetansen til kvarandre til beste for Sparebanken DIN og Dyrsku'n.

Les meir om Sparebanken DIN her.