Tun media

Tun Media
Vår nasjonale mediepartner er Tun Media.

Tun Media AS vart etablera i 2000 etter ein samanslåing av Landbruksforlaget AS, Bondebladet og AS Nationen. Fusjonen samla dei viktigaste og største medie-husa innan norsk landbrukssamvirke. 

Tun Media har eit vedtektsfesta formål om å drive medieverksemd for landbrukets og distriktas interesser. Tun Media gjev ut medlemsbladet Bondebladet, og fagblada Norsk Landbruk og Traktor. AS Nationen, med Tun Media som 100 % eigar, gjev ut dagsavisa Nationen. 

I fleire år har Tun Media AS vore sterkt til stades på Dyrsku'n, blant anna med den årlege Dyrsku-avisa som vert distribuera ut med Bondebladet og fulldistribusjon. I dei seinare åra har vi auka samarbeidet for å lage ei betre avis, og i enda større grad nå ut til bønder og landbruksinteressera over heile landet.