Veslestaulen

Veslestaulen: Frå fjøs til fat - ei innføring for dei minste
Frå fjøs til fat - ei innføring for dei minste. På Veslestaulen kan borna lære meir om landbruket og kor maten vår kjem frå.


Arenaen så dagens ljos for fyrste gong i 2017, og er plassera midt i smørauget: ved hovudinngangen til Fjoset. 

Møtet mellom born og dyr, og ikkje minst kunnskap om kor maten kjem frå, er viktige bodskap å formidle til dei ynste gjestene våre. Her er det lagt til rette for at borna skal få nærkontakt med dyra, og med eigen avdeling med mataktivitetar dei kan delta på. 

Du møter kalv, geit, kanin og høner på Veslestaulen. Kom og test kunnskapen din om norske husdyr!