Dagskort utstillar

Dagskort utstillar
Kva er dagskort utstillar?

På søknadsskjemaet står det Dagskort utstillar som eit val, men kva er det? 

Dersom du har ein tilsett som skal jobbe kun ein dag på Dyrsku'n, har det tidlegare vore vanleg å kjøpe kundekort. Med kundekort kjem du berre inn i opningstida saman med publikum, og ein tilsett skal kanskje inn på plassen før og etter stengetid. 

Med dagskort utstillar kan dei det. Dagskortet bytast inn i eit band som er gjeldande valfri dag, og dei har fritt tilgjenge.

Har du tilsette som skal jobbe alle dagane på Dyrsku'n, lønnar det seg å bestille ekstra ID-band, som gjeld for alle 3 dagar. 2 band følgjer med i standleiga.