Landbruksområde

Felleskjøpet 2014
Landbruksområdet (B/C-feltet) på Dyrsku'n er eit godt etablera område med grasdekke og grusvegar. Djubda på standane er litt variabel, men er om lag 10 meter i gjennomsnitt. Området er på rundt 27 dekar


Området er eit reindyrka areal der de finn maskinar og produkt relatera til landbruket. Det vil m.a. vere traktorar og tilhøyrande maskinar, dyre-hengarar, gjerdeutstyr og mjølkemaskinar.
Spenning på straum er 400/230V. All 3-fasa straum er på 400V. Utstillarane har sjølv ansvaret for å kontrollere at det utstyret som skal nyttast, kan bruke denne spenninga. Omkopling frå 380 til 400V kan gjerast på plassen av vår samarbeidspartner på elektro, men dette må avtalast på førehand. 
Det vil vere høve til å overnatte på standen. Når det gjeld parkering av private køyretøy, ynskjer vi ikkje at de parkerer desse inne på standen om det ikkje er naudsynt. Det er eigen utstillarparkering på utsida av marknadsområdet.

Næraste inngang til landbruksområdet vil vere Hovudporten.