Geit

Geiteutstillinga på Dyrsku'n
Meld deg på geiteutstilling og mønstring på Dyrsku'n i haust!

Fredagen i Dyrsku'n er det klart for geiteutstilling i samarbeid med Tine. Vi har dei siste åra nærma oss endå meir ku-utstillinga i utstillingsform, i og med at vi berre dømer etter poeng for kropp og bein og jur og spenar. Vi tek altså ikkje omsyn til avlsindeksen til dyret når vi finn Dyrsku'n si finaste geit.

Vi dømer alle geitene likt etter eksteriør, så tek vi til slutt inn i ringen alle som held mål til 1.premie og finn den beste geita. Som tidlegare vert det delt ut sylvskei til 1. og 2.premiegeitene. I tillegg til dette set vi opp ei gåvepremie til den geita med høgast poengsum totalt – altså sum eksteriør og avlsindeks. Slik tek vi betre vare på avlsgeitene.

Etter mal frå storfe, så har vi oppretta ei klasse for barn / ungdom. Vi har ingen aldersgrense i denne klassa, og kvar enkelt melder seg på med geit eller kje. Her tar vi ikkje omsyn til dyrets utsjånad, berre koordinering mellom mønstrar og dyr. Dei som deltek får premie og diplom, og vi vil i tillegg premiere ekstra dei 3 beste i denne klassa. Produsentlaget ordnar med premie.

Når du melder på geit skal du også sende med stamtavle.

Utstillingsreglar for geit finn du her.

Frist for påmelding er 25. august 2019. 

Relaterte Artiklar