Utstillingsreglar geit

Seljordsprisen 2017 blei til beste geit nr 6147 Marigull frå Hege Gonsholt og Jon Olav Hauge
Her finn du reglar for utstilling av geit på Dyrsku'n

INDIVIDDØMMING

Eksteriørpoeng
I alle klasser gjev ein eksteriørpoeng frå 1 – 10. Det kan nyttas halve poeng. Ved dømming legg ein vekt på bein og ganglag. Ledd og leddvinklar skal vere normale. Dyra skal ha god høgde og eit tett hårlag. Dyra skal vere godt utvikla, ha kraft og trivsel, og dei skal ikkje ha defektar av noko slag.

Jurpoeng
Utstilte geiter skal gjevast eit poeng for jur og spenar frå 1 – 10. Det kan nyttas halve poeng (omtale kan skilja geiter som får same jur-poeng). Poenget skal vere hovudkarakter for kor godt skikka geita er for maskinmjølking. Hovudvekta skal leggast på eigenskapar ein veit har verknad på :
• Rask og fullstendig tøyming av juret
• Spenekoppane sit godt på utan å krype oppover eller ramle av
• Speneplassering, jur-feste og jur-form som førebyggjer skader og jurbetennelse

Krav til premiering

1.premie

2.premie

3.premie

Jur og spenar :

8

7

6

Eksteriør :

8

7

6







Etter den tradisjonelle dømminga, tek vi så inn i ringen beste geit frå kvar besetning.

• Beste poenggeit med 1.premie får vandrepremie frå Produsentlaget. (Bukkehorn med sølvbeslag laga av Arne Martin Solbjør. Vandrepremie i minst 10 år frå 2013).
• Beste geit får så tildelt Dyrskuprisen eller Seljordsprisen. Sistnemnte vert dela ut kvart 3. år til geit. Her er det ikkje krav til poeng, men det må vere 1.premiegeit.

BARN / UNGDOM OG GEIT

Etter mal frå storfe, så har vi ei klasse for barn / ungdom. Vi har ingen aldersgrenser i denne klassa. Kvar enkelt melder seg på med geit eller kje, og her vil vi ikkje ta omsyn til dyrets utsjånad. Det er kun koordinering mellom mønstrar og geit/kje, og korleis mønstrar handterer dyret som tel.
Alle som deltar får deltakarpremie og diplom, og i tillegg vil vi premiere dei 3 beste i denne klassa. Produsentlaget ordnar med premie.