Hest

Madelen L.T.C på hesteutstillinga Dyrsku'n 2019, Beste varmblods
Hesteutstillinga på Dyrsku'n har utvikla seg til å bli ei av dei største utstillingane i landet, og premiane frå utstillinga heng høgt. Vi inviterer hesteeigarar til å mønstre hest på årets Dyrsku, og spesielt ynskjer vi velkommen til dei særnorske rasane. Velkommen som hesteutstillar på Dyrsku'n!


Bilde: Madelen L.T.C vann ein fortent fyrsteplass som Beste varmblod på Dyrsku'n 2019


I samarbeid med Telemark Travforbund, Telemark Hesteeierforening og Norsk Hestesenter på Starum  har vi gleda av å invitere til hesteutstilling for alle rasar (utanom Islandshest og norsk varmblods ridehest):

Hoppeutstilling 3 år og eldre: Laurdag 12. september 

Unghestutstilling 1 og 2 år: sundag 13. september 

Innmelding til utstilling for hopper, vallaker og unghestar finn du på Norsk Hestesenter si innmeldingsside.

Hoppeutstillinga og unghestutstillinga har stor pågang, vi må derfor setje eit tak på 80 hestar på hoppeutstillinga og 50 hestar på unghestutstillinga. Det vil seie at dei fyrste 80/50 som blir påmelde kjem med på utstillinga, du må difor vere tidleg ute med påmeldinga om du ynskjer plass.  

Hoppeutstillinga på Dyrsku'n har utvikla seg til å bli ei flott hesteutstilling som har samla mange av dei beste travhestane i landet, og interessa for utstillinga for kaldblodstraverar har vore stor. For å styrke mangfaldet av andre rasar og særskild dei særnorske hesterasane, vil vi derfor spesielt invitere og oppmode hesteeigarar av desse til å stille på årets utstilling. Her vil de få vurdert og premiert hestane samstundes som de får satt fokus på hesterasen til eit stor publikum. Det er viktig for Dyrsku'n og hestenæringa å vise mangfaldet av hesterasar!

Utstillinga held til i hjartet av messeområdet og gjev eit unikt høve til å oppleve Noregs største landbruksutstilling med gode opplevingar innan mat, landbruk, husflid, handverk, handel og kultur. På laurdag får du sjå ei forrykande hesteoppvising i Fjoset, full av fart og spenning.

Premiar på hesteutstillinga

Hesteutstillinga på Dyrsku'n er ein av få utstillingar i landet som har flotte pengepremiar til klassevinnarane. 

Du kan lese meir om premiering her.

Påmeldingsfrista er 10. august 2020


Påmeldingsavgift:
Hoppeutstillinga laurdag kr. 700,-  
Unghestutstillinga for 1- og 2-åringar sundag kr. 550,-

Påmelding og innbetaling gjerast til Norsk Hestesenter.

Meir informasjon

Påmeldingsskjema finn du her

Eigenerklæringsskjema finn du her 

Reglement frå Norsk Hestesenter finn du her


Har du andre spørsmål kring utstillinga? Kontakt Jorunn Svensson i Telemark Travforbund på tlf. 901 69 815


Relaterte Artiklar