Praktisk informasjon

Hesteutstilling
Alle som stiller hest på Dyrsku'n må levere eigenerklæring,

  • Nydatert eigenerklæring skal leverast saman med gyldig vaksinasjonsattest (vaksinasjonskort) til kontrollør på Dyrskuplassen før hesten blir lasta av.
  • Eigar/trenar er ansvarleg for at eingenerklæring og attest er utfylt og blir framvist i samsvar med reglane
  • Det er ikkje tillate å laste hesten av transportmiddel før kontrollæren har gått gjennom og godkjent dokumentasjonen
  • Dersom papira ikkje tilfredstiller reglane, eller dersom hesten ved klinisk undersøking gjev mistanke om smittsam sjukdom, vil hesten bli nekta tilgjenge til stemneområdet

Vaksinasjon i h.h.t Norsk hestesenter sine reglar. To inj. med 4 - 6 vekers intervall innan 12 mnd. (I samband med utstillingar og slepp i fjellhamn blir 1 inj. godteke i perioden 7 - 90 dagar før arrangementet. 

Køyre-/rideprøve i h.h.t. Norsk hestesenter sine reglar. Køyreprøve kan ein ta på Dyrskuplassen på utstillingsdagen. 
  

Avvising

Det kan bli aktuelt å avvise dersom utstillinga blir fullteikna eller av andre årsaker. Melding om dette blir gitt så snart som råd etter påmeldingsfristen. Nærare orientering til utstillarane kjem i brev om lag to veker før utstillinga.  

Skjema for eigenerklæring finn de her.