Kjøttfe

Kjøttfe på Dyrsku'n
Kjøttfe heile helga!

Kjøttfe finn du mellom Husdyrhallen og Sterke Nils-tunet. Dyra står ute i bingar heile helga, og alle aktivitetane med kjøttfe finn du her.

Utstilling

På fredag er det utstilling i klassane ku med kalv, og kvige. Alle dyr vert eksteriørbedømt (kåra) og bedømt på lynne og bevegelse. Dei blir kåra på førehand, og alle får med seg eit kåringsbevis heim. Lynne og bevegelse blir bedømt når dei vert visa laust i ringen. Dei blir premiert for fyrste, andre og tredje plassering; Best i Rase (BIR), Best in Show (BIS) og Best i motsett rase (BIMR). Dommar er Kristian Heggelund.

Auksjon

På laurdag er det kvige-auksjon. Drektige, stambokførte kviger av forskjellige rasar blir auksjonera ut av auksjonarius Håkon Marius Kvæken. Kvæken leverer eit forrykande show når han er auksjonarius, og det er til stor underhaldning om du skal kjøpe kvige eller ikkje.

Temje-kurs

På fredag er det temjing av høglandsfe-kviger som står på dagsorden. Sjå det fascinerande samspillet mellom kurshaldar og dyra, og vegen til å bli leigetamme på under 5 minutt.

Vil du stille med dyr på utstilling eller auksjon? Kontakt Lina Aasan på mobil 46352761 eller lina.aasan@outlook.com



Relaterte Artiklar