Storfe-utstillinga

Tara vert kåra til beste Telemarksku, beste ungku og Dyrskubjølla
Vi inviterer til storfeutstilling, kalvemønstring, kumønstring for ungdom og eksteriørtevling fredagen i Dyrsku'n. Husdyrutstillinga og Telemarkskua er framleis ryggraden i Dyrsku'n, og Fjoset med husdyr, dømming og mønstring er hovudarenaen på Dyrskuplassen.  

Foto: 38 Tara og mønstraren fekk møte statsministeren på husdyrutstillinga på Dyrsku'n 2018

Vi er svært glade for den interessa som husdyrhaldarar syner ved å vise fram gode dyr og slik slutte opp om Dyrsku'n. 

Påmeldingsfrist er sundag 25. august 2019. 

STORFEUTSTILLINGA:

Vi tillét berre besetningar med grøn BRSV / BCoV – status å stille dyr – sjå info her.

Alle rasar dømast etter same reglement. Slik får utstillinga ei form som appellerer til eit breitt publikum og blir meir i tråd med reglane for internasjonale utstillingar. Kyr av same rase blir dømt gruppevis kvar for seg framfor scena. Deretter blir 1.premiekyrne tatt inn og rasen sine beste kyr blir kåra. Slik tek ein rase for rase, og di fleire av dei eldre og sjeldnare mjølkerasane som blir med, di større interesse vil utstillinga fenge hos publikum. Til slutt tevlar dei beste dyra av alle raser om å bli best og få prisen for beste ku på Dyrsku'n 2019 – Seljordprisen.

Utstillingsreglar for storfe finn du her.

Frå og med 2013 tillét vi at alle gamle storferaser stiller med dyr som ikkje er medlem av ku-kontrollen. Dette for å kunne rekruttere frå fleire besetningar. Det vert presisera at dei same krava gjeld til avstamming og merking som for alle andre raser.

Frå utstillingsreglane – krav til premiegrad:

1.premie  8,0 for kropp og bein og 4,0 for jur
2.premie  7,0 for kropp og bein og 3,0 for jur
3.premie  6,0 for kropp og bein og 2,0 for jur
  • Gratis innlegg av embryo til Beste NRF-ku
  • Gratis kjønnseparerte NRF-doser til alle 1. premier NRF
  • To deltakarar uansett rase blir trukket ut, og vinn 2 gratis avlsrådgjevingstimer frå Tine
 Andre krav

  • Besetninga må være med i ku-kontrollen. (Gjeld ikkje dei gamle norske storfe-rasane).
  • Dei dyra som stiller, må ha seminokse eller stambokført gardsokse som far og vera av mjølkerase
  • Det vert ikkje stilt krav til avlsverdi, og kyr med tomme jur vil bli dømde
  • Alle kyr skal mjølkast om morgonen på utstillingsdagen
  • Sjuke kyr dømmast ikkje
  • Alle dyr må vera rett merka i begge øyra og innmeldt i merkeregisteret

GENERELT OM UTSTILLINGANE

  • Utstillinga tek til kl. 09.15
  • Transport inne på Fjoset er ikkje lov, og all av- og pålessing skal skje ved Husdyrhallen. (Gjeld også geit)
  • Det er mogleg å kome med dyr dagen før utstillinga.
  • Husdyrutstillarane vert invitera til middag på Storstogo torsdag kveld kl. 19. I tillegg vert det servera frukost inne på Fjoset fredag morgon.

TILSKOT

  • Dei som stiller ut ku og geit får eit transporttilskot ved eigen køyring på inntil kr. 1.500,- pr. utstillar.
  • Dyrsku'n kan ordne organisera transport for utstillarar som treng det. Transporttilskotet fell då bort. Gje beskjed om dette ved påmelding

VETERINÆRATTEST

  • Alle dyr må ha veterinærattest som ikkje er eldre enn 7 dagar gamal. Dyrsku'n dekker utgiften til veterinærattest med frist innan 1. oktober for innmelding av refusjonskrav. Her skal det gå fram besetningas status med omsyn til BRSV / BCoV (må vere grøn), og det skal kunne leggjast fram attest på at besetninga er fri for Digital Dermatitt det siste året. 
  • Det vert godkjent 1 behandling i løpet av 6 månader med klauvspalteflegmoner. 
  • All avlessing av dyr skal skje ved Husdyrhallen. Her finn de også Veterinærkontoret. Spørsmål kan stillast til Seljord Veterinærkontor på tlf. 35 05 09 30.

PÅMELDING

Nærare orientering om utstillinga kjem i brev frå utstillingsansvarleg rett før Dyrsku'n.  Det er TINE Rådgiving som er ansvarlig for utstillinga, og spørsmål kan rettast til utstillingsansvarleg Njål Vestøl på mobil 91376415. 



Relaterte Artiklar