Kalvemønstring

Born + dyr = kjærleik
Kalvmønstringa er eit publikumsvennleg og sjarmerande innslag fredag formiddag.  

Ynskjer du å stille ut kalv på Dyrsku'n i år? Her finn du informasjon og reglar for årets kalvemønstring. 

Reglar for kalvemønstringa:

  • Krav til mønstrar: 5 – 15 år gamal. Krav til kalven: 1 – 6 mnd. gamal okse- eller kvigekalv
  • Vi deler dei som mønstrar inn i 2 grupper etter alder. Dette blir gjort etter påmeldingsfristen
  • Kvar gruppe er inne i ringen ca. 20 min. og dommarane rangerer etter utsjånad på kalven, og samspel mellom kalv og mønstrar. Det vil bli vektlagt at mønstrar er velkledd

Påmelding til kalvemønstringa finn du her.

Elles kan du ta kontakt med utstillingsansvarleg Njål Vestøl på mobil 913 76 415 eller e-post  njal.vestol@tine.no