Kumønstring for ungdom

Husdyrutstillinga på Dyrsku'n
Her finn du informasjon om kumønstringa for ungdom over 13 år på Dyrsku'n

I denne klassa vert ungdomane premiera for styling og koordinering mellom mønstrar og dyr. 

Reglar for kumønstring for ungdom: 

  • Mønstrar må vere fylt 13 år og dyret som mønstrast kan være ku eller kvige over 6 mnd. gammal
  • Vi går bort frå domarskjema. Det dømast kun etter styling og handtering
  • Mønstrar må kunne stille ku i open stilling. Vert det stilt med ei kvige, må den kunne stillast i lukka stilling
  • Alle ekvipasjane er inne i ringen samtidig. Domarane plukkar så ut ein og ein og står til slutt att med 5 ekvipasjar i ein finale
  • Dei ekvipasjane som ikkje kjem til finalen, trekker ut til sida i ringen og er med heilt til slutt
  • For å skilje finalistane, kan det vere aktuelt å bytte dyr
  • Det oppmodast til at deltakarane også stiller kua i eksteriørtevlinga tidlegare på dagen

Påmelding til kumønstring for ungdom finn du her.

Elles kan du sende ei påmelding direkte til utstillingsansvarleg Njål Vestøl 

mobil 913 76 415  e-post: njal.vestol@tine.no