grøne besetningar på Dyrsku'n

Kontrollprogram for storfe innførast på Dyrsku'n
Informasjon til dyrehold som skal ha med storfe på Dyrsku'n i Seljord.

Dyrsku'n ynskjer alle friske dyr hjarteleg velkommen! 

Vi vil som arrangør følgje opp dei anbefalingane som er gitt av næringa når det gjeld smittsame sjukdommar. Det gjeld både smittsame klauvsjukdommar, BRS virus og BCo virus. Vår oppgåve saman med deg er difor å syte for at dei dyra som kjem på Dyrsku'n er smittefrie. Då vil òg sjansen for at det vert spreidd sjukdom på Dyrsku'n vere minimal. 

Følgjande regler vil bli bruka:

  • Alle storfe skal vere dokumentert fri for BRSV og BCoV. Det vil sei at dei skal kome frå GRØNE besetningar, dokumentert gjennom samleprøve av kvigemjølk eller blodprøve av kalv over 6 månader. Analysen må vere under eitt år gamal. I tillegg skal det ikkje vere mistanke om at det har vore smittsam diaré eller lungesjuke i besetningen etter siste prøveanalyse.