Utdeling av prisar

Det har blitt en tradisjon å dele ut fleire prisar i samband med husdyrtevlingane på Dyrsku'n. Her finn du informasjon om årets prisar.

Dei største prisane er: 

  • Seljordprisen (kvart år) - Seljord kommune
  • Dyrskuprisen (kvart år) - Samarbeidsrådet for Buskerud, Vestfold og Telemark og Telemarks Landbruksselskap
  • Johan Lindeqvists Sølvkande for kvæavl (kvart 3. år) - Telemark Landbruksselskap
  • Hans Kleppens Vandrekrus (kvart år) - Telemark Landbruksselskap

Seljordprisen og Dyrskuprisen delast ut til beste ku, geit og hest. I 2019 vert Seljordprisen dela ut til beste ku, og Dyrskuprisen vert dela ut til beste hest og geit. 


Landslaget for Telemarkfe delar ut

  • Dyrsku-bjølla (kvart år)
  • Gro og Hølje Brekkas vandrepremie (kvart år om verdige kandidatar)
  • Beste ungdyr (kvart år)

Relaterte Artiklar