Hans Kleppens Vandrekrus

Husdyrutstillinga på Dyrsku'n
Sylvkruset frå 1931 er ei gåve frå bonde Hans Kleppen, Gjerpen, til Telemark Landbruksselskap. Kvart år delast kruset ut til ein som har gjort særleg godt arbeid for fehaldet i fylket.

Kruset skal nyttast til framhjelp av fehaldet i fylket og utmerkinga har vore dela ut på Dyrsku'n sidan 1950 av Telemark Landbruksselskap. I juryen sitt ordførar i landbruksselskapet, ein representant  frå Fylkesmannen i Telemark, Landbruksavdelinga og ein representant frå Tine Meierier Sør.

Prisen er minnekruset, eit diplom og eit grafisk bilete av kunstnaren Terje Grøstad.