Kriterier for Hall A

Vi ynskjer å ha fokus på kvalitet på produkta som blir vist fram i hallen. Samstundes ynskjer vi å sette fokus på mangfald innan husflid og handverk slik at flest mogleg teknikkar blir representera under marknaden.


Som for Dyrsku'n generelt, er mangfald ein viktig faktor. Det er og ynskjeleg å vise fram handverksteknikkar. Om utstillarane kan vise fram arbeid i produksjon, vil dette vere eit pluss. 

Dei som ynskjer å delta i Husflids- og handverkshallen - Hall A - under Dyrsku'n, sender inn elektronisk søknadsskjema. Påmeldingsavgift er kr. 800 eks.mva. Avgifta er å rekne som eit administrasjonsgebyr, og blir ikkje refundera.

Det er mogleg for fleire utstillarar å dele ein stand. Dersom fleire deler ein stand, må kvar enkelt betale påmeldingsavgift. Kvar utstillar kjem med på utstillarlista i messeavisa. Tildeling av plass vil skje i løpet av mai. Standleige vil bli sendt ut innan utgangen av juni. 

Hall A har plass for 25 standplassar. Storleiken på standane er om lag 8 kvm. Hovudregelen er at det kun delast ut ein standplass pr. deltakar. 

Salsstanden skal vere betjent så lenge marknaden er open for publikum. 

Utstillarane er sjølve ansvarlege for skader dei sjølve, folke deira, produkt, utstyr o.l påfører bygningar, innreiingar, anlegg og personar. Utstillarane må sjølve ordne med all forsikring. Arrangøren dekker ikkje tap eller tilbakeling av utlegg i samband med "Force Majeure". Dei som har særskilte behov for straum, bør ha dette i beredskap i tilfelle straumbrott. 

Arrangøren har vakthald på marknadsområdet frå og med måndag i arrangementsveka til og med måndag etter at arrangementet er avslutta. Hallen vert låst utanom opningstid.