Kriteriar Matlyst

Det er ynskjeleg for deltaking at produkta er hausta, avla, fanga, sylta, baka, røykt eller på anna måte foredla av seljar.


Vi ynskjer at kunden skal få historia bak maten. Produkta som blir selde, bør derfor ha ei informasjonstavle som viser kva produkta inneheld og kvar dei kjem frå. 


Det er sterkt ynskjeleg at produsenten sjølv står for salet. Det er og ynskjeleg at andre som sel produkta har vore ein del av produksjonen og har kunnskap om produkta dei sel. 

Det vil vere høve til å selje produkt som er relatera til matprodukta de sel. Om de t.d. sel bakevarer vil det vere mogleg å ha ei oppskriftsbok med relasjonar til produkta for sal.

Seljaren pliktar å følgje alle pålegg og retningslinjer frå Mattilsynet. Deltakaren må kunne legge fram ei stadfesting på at produkta er godkjende.

Dyrsku’n ynskjer at våre kundar skal finne produkt av høg kvalitet i Lokalmatteltet/Matkvartalet. 

Det er to forskjellige typer standleige i lokalmatteltet/Matkvartalet. Det vil vere ei fast avgift for dei som sel emballera matprodukt. For dei som sel serveringsmat (til dømes burgar, is, kaker, osb), vil det vere 16% provisjon eks. mva. av omsetnaden. Dette må dokumenterast for arrangør. Vi vil be om kopi av sladrerull frå kasseapparat eller godkjent rekneskapsoppsett.