Invitasjon matutstillarar

Dyrsku'n har ein unik posisjon som handelsarena, bygd opp gjennom over 150 år. Vi arbeider for å legge forholda godt til rette for våre utstillarar. Tilbakemeldingane frå våre utstillarar er svært positive både når det gjeld omsetning, marknadsføringsverdi og det å bygge nettverk og knytte kontaktar. Det er derfor ei glede å invitere matprodusentar til å søke om plass i Matkvartalet.


Årets matprodukt
Kvart år er det kåring av årets matprodukt. Prisen skal inspirere til kreativitet innan produktutvikling basera på lokale råvarer og tradisjonar. Vinnaren får ein pengepremie, omtale på våre digitale flater og diplom.

Årets tema
er korn, både i Sterke Nils-tunet og i Matkvartalet vil det vere aktivitetar, demonstrasjonar og informasjon om temaet. I Matkvartalet håpar vi å få med mange produsentar med korn, og årets gjesteutstillar blir valt ut etter det årlege temaet.

5 gode grunnar til å vere utstillar på Dyrsku'n:
• 50% av Dyrsku-publikummet kjem for å kjøpe og smake på spesielle matprodukt
• 66% av Dyrsku-publikummet forbind Dyrsku’n med mat
• 9 av 10 handlar på Dyrsku’n
• Over 80% av utstillarane kjem tilbake år etter år
• Over 90% av utstillarane er fornøgd med gjennomføringa av arrangementet
(tal basera på spørjeundersøking utført av CPM Scandinavia)

Om stand og standprisar
I Matkvartalet inviterer vi utstillarar som sel lokalmatprodukt, og som oppfyller kriteria vi har satt. Vi har både ute- og innestandar i Matkvartalet.
Innestandar i det store Matteltet er inndelt i standar på om lag 8-9 m2, og prisen pr. modul er kr 5 500,- eks. mva.

Utestandar i Matkvartalet blir berekna etter lengda på fronten, og pris pr. frontmeter er kr 880,- eks. mva.

For sal av serveringsmat er det 16 % provisjon av omsetninga, dette må dokumenterast for arrangør.

Påmeldingsavgift pr. stand er kr 900,- eks. mva.

Påmeldingsavgift vert fakturert når søknaden din er registrert. Dersom faktura ikkje blir betala innan frista, vil søknaden din bli sett på venteliste. Avgifta er å rekne som eit administrasjonsgebyr, og blir ikkje refundera sjølv om du ikkje blir tildela ein standplass.

Søknadsfrist 1. april

Her finn de:
Søknadsskjema
Kriteria for standplass i Matkvartalet
Reglar for utstillarane

Tildelinga av standplassar startar opp fortløpande etter at søknadsfristen har gått ut. Informasjon om plasstildeling blir sendt ut så snart dette er klart, seinast innan utgangen av mai.

Søknader som kjem inn etter fristen, blir sett på venteliste til den fyrste tildelinga er ferdig. Det er mogleg for fleire utstillarar å dele ein stand. For å få alle med på utstillarlista, må hovudsøkaren legge inn dei andre utstillar-namna i sitt søknadsskjema.

Velkommen som søker til Matlyst Dyrsku'n!