Utstillar og treng overnatting?

Treng du overnatting i samband med ditt opphald på Dyrsku'n?

Det er fullt mogleg å overnatte i campingvogn/bobil når du er på Dyrsku'n, så lenge du har bilen på din eigen stand og denne ikkje er synleg for publikum. Om du ikkje ønskjer det, vil det vere ein utstillarcamping med dusj/wc/straum på eit av områda nærast inntil marknadsplassen.

Hugseliste for deg som skal overnatte på Dyrskuplassen:

  • Ha røykvarslar og brannslukningsapparat montera i vogna/bilen. Stikkprøver vil finne stad av brannvakter. 
  • Meld inn antall personar i vogna/bilen på Utstillarkontoret 
  • Ha respekt for andre som ynskjer å sove. På Dyrskuplassen skal det vere ro mellom kl. 24.00-06.00. 

For deg som ønskjer å overnatte på utstillarcampingen:

Send inn ein elektronisk booking til Grenlandsaksjonen på www.grenlandsaksjonen.no

Ved spørsmål, ring dei på 930 47 303.


Vil du ha anna overnatting? Trykk her for å få oversikt over ledig kapasitet i området rundt oss.