Parkerings- & køyrekort

Med bil på Dyrsku'n


Parkeringskort er gyldig på utstillarparkeringa, følg anvising til parkeringsvaktene. Parkering på eigen standplass er berre tillate om du har plass for det. Bilen skal ikkje stå i front av stand, til sjenanse for publikum. 

Vi gjer merksam på at det er andre priser på parkering kring Dyrskuplassen utover utstillarparkeringa.

Feilparkera biler/vogner vil bli fjerna på eigars rekning og risiko. Spesielt gjeld dette i avlossings-område, her vil parkera køyretøy bli fjerna umiddelbart.

Tyngre køyretøy (over 7,5 tonn) skal parkerast på fjernparkering med fast dekke. Det gjeld og tomme hengarar som blir henvist til fjernparkering. Køyretøy og hengarar som blir parkera på fjernparkering skal ha gyldig parkeringskort godt synleg i ruta.


Køyrekort er for å ha tilkomst med bil ut og inn av Dyrskuplassen. 

I Dyrskuhelga (fredag, laurdag og sundag før og etter opningstidene for marknaden). Køyring inne på plassen i opningstida er ikkje tillate, dette gjeld òg ATV og Segway. Sundag kveld opnar ikkje portane for innkøyring til plassen før ca. kl. 18.30. 

Dersom du skal inn på plassen med bil før fredagen i Dyrskuhelga, men ikkje i løpet av helga, kan du hente midlertidige køyrekort (gratis) på Utstillarkontoret.


Gyldig bevis (parkerings- og køyrekort) må til ein kvar tid vere festa godt synleg i frontruta på bilen.

Du kan bestille desse korta på søknadsskjemaet i kundesenteret vårt, eller du kan kjøpe dei på Utstillarkontoret heile Dyrskuveka.