Plasstildeling

Felleskjøpet 2014
Tildeling av stand skjer fortløpande etter at søknadsfristen er gått ut 1. april.

Tildeling av standplassar startar opp fortløpande etter at søknadsfristen har gått ut. Informasjon om plasstildeling blir sendt ut så snart dette er klart, truleg i begynnelsen av mai.

Søknader som kjem inn etter fristen, blir sett på venteliste til den fyrste tildelinga er ferdig. 

Det er mogleg for fleire utstillarar å dele ein stand. For at alle skal kome med på utstillarlista, må hovudsøkaren legge inn namn på dei andre utstillarane i sitt søknadsskjema under punktet "Ekstra oppføring firma-namn". 

ID-band og førehandsbestilte kort får de på utstillarkontoret når de sjekkar inn på marknaden. Standplassen vert stilt til rådvelde frå laurdagen før Dyrskuveka.


Utstillarliste med søkbart kart på firma og vareslag vert lagt ut på nettsida i august. Lista vert og publisert i messeavisa. Web-link til utstillarlista kan tingast på søknadsskjemaet (gratis).