Innestand

Utstillarane i Hall A fekk besøk av statsminister Erna Solberg under Dyrsku'n 2018
På Dyrskuplassen er det fleire faste installasjonar som under Dyrsku'n fyllast med utstillarar og spennande innhald. 

Dei største installasjonane er Hall A, Fjoset og Ridehallen. Her er det tilgjengeleg plass for utstillarar, men fleire av plassene er atterhaldt utstillarar innan handverk, husflid og husdyr. 

Om hallane

I hallane er det panelveggar og tette skiljeveggar av enkelt rammeverk (2,5 m høge), og utstillarane må kle desse sjølve. Det er ikkje tillate å setje opp faste installasjonar eller spikre i desse veggane. 

  • I Ridehallen er standane 3 - 4 meter djupe, med valfri breidde. Hallen har hovudsakleg utstillarar innan handverk, møblar, demo, småindustri m.m.
  • I Hall A vil utstillarar innan handverk og husflid bli prioritera. Hallen er inndelt i modular på 6 - 8 kvm. Skiljeveggane er opne, og kan dekkast til med stoff o.l. 

Om Matlyst 

På Matlyst Dyrsku'n kan utstillarar innan lokalmat kan få plass i vårt Lokalmat-telt. Les meir om Matlyst her.