hallane og matlyst

I Ridehallen er standane 2-4 meter djupe, med valfri breidde.

Standen blir bygd opp med messeveggar (B: 1 m, H: 2,40 m). Hallen har hovudsakleg utstillarar innan handverk, møbler, demo, småindustri m.m.

I Hall A har utstillarar innan handverk, husflid og brukskunst fyrsteprioritet. Hallen er inndelt i modular på 6-8 m², og har 25 plassar til disposisjon. Ytterveggane på hallen har panel, og skiljeveggane er opne rammeverk som kan dekkast til med stoff e.l.

Matlyst Dyrsku'n er for dei som sel, eller produserer eigne produkt, med lokal tilknyting. Her har vi forskjellige typer salsplassar og prisklassar både ute og inne.