Reglar for utstillarar

Dyrsku’n Arrangement AS har vedteke desse reglane for utstillarane under DYRSKU’N 2019.

Det er arrangøren som avgjer kven som skal få plass på årets messe. Plassering er gjort etter beste skjønn og vurdering. 

Med å sende inn søknadsskjema vil du stadfeste at du søker om standplass i samsvar med reglane, og at du er bunden av desse.

Alle utstillarane skal følgje gjeldande norske lovar og aldersgrenser, og spesielt lovar og reglar for sal jf. m.a. brukthandlar-lova og lov om meirverdiavgift. Arrangøren vil vise bort utstillarar frå plassen og avvise framtidige søknader frå utstillarar som ikkje følgjer desse reglane.

Alle reglar og retningslinjer for årets messe finn du her.