Utstillarkantine

Utan mat og drikke kan ein fort gå tom for energi, og kanskje gå glipp av eit stort sal?

På Dyrsku'n har vi tilrettelagt for at utstillarane skal få seg eit pusterom og litt næring i kroppen.

Utstillarkantina finn du på Storstogo, i samme lokale som utstillarkontoret. Her kjem du berre inn med id-band som adgangsbevis (kundekort gjeld dessverre ikkje). Vi serverer berre heimelaga mat med norske råvarer.

Opningstider:

Dag    Opent  Kva 
Onsdag 11.09    11-14.00  Lunsj 
Torsdag 12.09    11-14.00  Lunsj 
    15-20.00  Middag 
Fredag 13.09    07-09.00  Frukostbuffet 
    10-23.00 Matservering 
Laurdag 14.09   07-09.00  Frukostbuffet 
    10-23.00  Matservering 
Sundag 15.09    07-09.00  Frukostbuffet 
    10-18.00 Matservering 
Måndag 16.09   11-14.00  Lunsj 


Om du ikkje har anledning til å reise i frå, kan du bestille mat som blir levera på standen din. 

Send ein e-post til kjokken@dyrskun.no innan 1. september for bestilling av: Påsmurte rundstykke med karbonader, omelett eller ost & skinke.