Foredrag: Kan vi frykte ei global matkrise?

Rekka av interessante foredrag er lang under Dyrsku’n, og  laurdag kunne ein høyre Arne Bardalen frå Nibio (Norsk institutt for bioøkonomi) fortelje at mange farar trugar matforsyninga til verda.

10.09.2022

Konsentrert produksjon

Produksjonen av er konsentrerte i få regionar i verda, og sviktar nokre av desse områda kan det få store konsekvensar, sa Bardalen. Han peikar på at ekstremhendingar som var lite sannsynlege før, vil skje oftare med auka intensitet, lengde og utbreiing.

Samtidige klimasjokk kan påverke ein stor del av den globale produksjonen og uroe verdsmarknaden for mat- og fôr-varer sidan desse i hovudsak er konsentrerte om seks område i verda.

Men forbruket i Norden set også store fotavtrykk i andre land. 50 % av åkerjorda til nordisk matkonsum er utanfor området og 90 % av vassforbruket til dyrkinga skjer utanfor Norden der mangel på vatn er eit problem.

Kva når vi blir 6 millionar nordmenn i 2050?

Her i landet vil auka sjølvforsyning vere krevjande når vi blir 6 millionar nordmenn i 2050, då treng vi nydyrking av ein million dekar. Og når den bestejorda byggast ned, krev nydyrking i marginale område større areal.

Nydyrking er ikkje utan problem, for det fører til utslepp, avskoging, og skadar våtmarksområde og naturmangfald, seier Arne Bardalen.