Boklansering i Seljord
Sofienbergmysteriet er ei humoristisk feel-good krim (kosekrim) der handlinga i all hovudsak er på eit eldresenter ved Sofienbergparken i Oslo. Her er det mysteriet som er i fokus, ikkje blod og gørr.
- Akkurat så lettbeina og mortsom som ein feel-good krim skal vera, Geir Tangen, forfattar og bokbloggar
- Ein frisk og spanande debutbok med lattergaranti, Hennings Bokhylle
- Sofienbergmysteriet er den morsomste krimboken jeg noengang har lest, Randaberg24
- Ei hjartevarm krimroman med mange skjebner, ei strålande lesaroppleving, Kjell Magne Gjøsæter, Bokblogger
Du møter forfattar Tommy Ueland på stand på Vårmarknaden, og dette er hans debutbok på norsk. Ideen kom etter å ha vore på eit foredrag om utanforskap for eldre der foredragshaldaren sa «ein må slutte å behandle eldre som mjølkekartongar med utløpsdato!». Ei setning som var spiren som ni år seinare vart til ein humoristisk krim.
Ueland m/familie har campingvogn på Garvikstrondi, her ferierer dei kvar sommar. Han har allereie starta på oppfylgjaren av Sofienbergmysteriet, og kanskje vi i ei seinare handling kjenner oss att langs Seljordstrendene?